Sign in to auto-apply
Job Description
Bygstad barnehage har ledige stillingar
Vil du være med å lage eventyrlege barnehagedagar for barna våre? Då må du sjå her!
Vårt mål er trygge barn som trivast. Vi ynskjer å gje gode vilkår for omsorg, leik, læring og utvikling, og til dette treng vi fleire med på laget. Bygstad barnehage har fem avdelingar og ligg i flotte og tilgjengelege naturomgjevnader med Bygstad skule som næraste nabo.
Vi har 2 ledige stillingar:
- 100 % fast stilling som barne- og ungdomsarbeidar/fagarbeidar med relevant fagbrev eller assistent.
- 80 % fast stilling som barne- og ungdomsarbeidar/fagarbeidar med relevant fagbrev eller assistent.
Begge stillingane er ledige frå 14.08.2026.
Vi kan tilby deg:
- God oppfølging av nytilsette.
- Deltaking i team med sterk kultur for fagleg utvikling og læring.
- Systematisk kvalitetsarbeid i ein lærande organisasjon.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Kompetansetillegg for relevant vidareutdanning.
Requirements
- Du har relevant utdanning som barne- og ungdomsarbeidar eller anna relevant fagbrev.
- Du beherskar godt munnleg norsk.
- Du er ein relasjonsorientert person som viser omsorg og ser kvart enkelt barn.
- Du har gode evner til å leie barn.
- Du kan arbeide sjølvstendig og har gode evner til samarbeid.
- Gyldig politiattest må leggast fram før start i stillingane.
Skills
Barne- og ungdomsarbeidRelasjonsbyggingOmsorgsevneSamarbeidsevnerNorsk språkBarns utvikling
Experience
entry-level