Sjukepleiar/spesialsjukepleiar – er du vår nye kollega?
Avgiftningspost Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Sign in to auto-apply
Job Description
Sjukepleiar/spesialsjukepleiar – er du vår nye kollega?
Vil du jobbe på avgiftningsposten der du får kome tett på pasienten? På avgiftningsposten – Avdeling for rus og avhengigheit (ARA) – møter du vaksne pasientar som har korte innleggingar med medisinsk og medikamentell oppfølging, i tillegg til miljøterapeutiske og sosiale tiltak.
Kva går jobben ut på?
Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere:
- Miljøterapeutisk arbeid i det daglege.
- Vere ein tydeleg, trygg og engasjert lagspelar i arbeidet med pasientgruppa.
- Gå i ansvarsvakt og bidra til god flyt, prioritering og samarbeid i vakta.
- Sikre trygg og forsvarleg medikamenthandtering i tråd med gjeldande rutinar.
- Samarbeid med interne fagmiljø og eksterne instansar.
Kvifor skal du velje oss?
- Eit arbeidsmiljø der vi trivst, støttar kvarandre og har det godt saman.
- Høg fagleg kompetanse og engasjerte kollegaer.
- Moglegheit for både fagleg og personleg utvikling.
- Ein arbeidsplass som legg vekt på inkludering og mangfald.
- God rettleiing og opplæring.
Requirements
- Du må ha norsk autorisasjon som sjukepleiar.
- Du må ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
- Du må kunne jobbe i turnus med dag/kveld og arbeid kvar 3. helg.
- Du må vere oppriktig engasjert i pasientgruppa og byggje tillit gjennom godt samarbeid.
- Du må kunne dokumentere arbeidet ditt på ein ryddig og god måte.
Skills
SjukepleieMiljøterapeutisk arbeidMedikamenthandteringTverrfagleg samarbeidDokumentasjon og journalføringKommunikasjon
Experience
mid-level