ID 1067 Helsefagarbeider/Miljøarbeider- Eining for habilitering Nattevakt
Havahuset Bu- Og Servicesenter og privat heim
Fitjar
Sign in to auto-apply
Job Description
Helsefagarbeider/Miljøarbeider - Eining for habilitering (Nattevakt)
Eining for habilitering yter tenester til menneske med nedsett funksjonsevne. Me har hovudkontor i Havnahuset bu- og servicesenter, og tilbyr mellom anna heildøgns omsorgstenester i tre bustader og dagtilbod til tenestemottakarane våre.
No har me ledige stillingar som helsefagarbeidar/miljøarbeidar på natt. Nattevaktene har ansvar for oppfølging av både tenestemottakarar innan habiliteringstenesta og bebuarar i omsorgsbustad.
Ledige stillingar
- 70 % fast stilling – nattevakt ved Havnahuset bu- og servicesenter
- 22,2 % fast helgestilling – nattevakt ved Havnahuset bu- og servicesenter
- Inntil 70 % stilling – nattevakt/avlastning i privat heim med oppfølging av barn
Ved Havnahuset går tilsette i turnus med arbeid kvar fjerde helg.
Me kan tilby
- Ei meiningsfull og variert stilling der du får vera med og gjera ein forskjell i kvardagen til brukarane våre.
- Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg og engasjert fagmiljø.
- Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø med dyktige og støttande kollegaer.
- Moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving.
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande kommunalt avtaleverk.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP.
Requirements
- Du må ha autorisasjon som helsefagarbeidar eller annan relevant helse- og sosialfagleg kompetanse.
- Du må ha førarkort klasse B (manuell gir).
- Du må ha god norsk framstillingsevne, både munnleg og skriftleg.
- Du må ha grunnleggjande digitale ferdigheiter.
- Ved tilsetjing må det leggjast fram politiattest av ny dato.
Skills
HabiliteringMålretta miljøarbeidRelasjonsbyggingSamarbeidsevnerSjølvstendig arbeidNorsk språk
Experience
mid-level