Autosøk

ID 2464 Vernepleiar ved Sævarhagen avlastningsbustad - Førebyggjande tenester

Stord kommune

Stord

Job Description

Vernepleiar ved Sævarhagen avlastningsbustad - Førebyggjande tenester

Har du lyst å gjera ein skilnad i barn og unge sine liv? Då er dette stillinga for deg -- bli med på laget vårt!

Sævarhagen avlastingsbustad gir tilbod til barn og unge med ulike funksjonsnedsetjingar. Brukarane mottek tenester etter individuelle vedtak etter Helse- og omsorgstenestelova. Arbeidet består i å skapa gode dagar gjennom eit fagleg og systematisk arbeid med kvart einskild barn og ungdom i samråd med føresette, ulike andre aktørar og ikkje minst dine gode kollega. Me har nye, flotte fasilitetar i Sævarhagen på Stord.

Me har ledig fast 100% stilling for vernepleiar.

Stillinga har todelt turnus, arbeid 4. kvar helg med langvakter.

Me kan tilby:

  • Moglegheita til å vera med å forma framtida sitt avlastningstilbod i Stord kommune
  • Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
  • Godt arbeidsmiljø
  • Offentleg tenestepensjon
  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk

Requirements

  • Du må ha norsk autorisasjon som vernepleiar eller sjukepleiar.
  • Du må ha gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
  • Du må kunne framlegge godkjent politiattest av ny dato ved tilsetjing.
  • Du må ha evne til å arbeida systematisk og vera ein lagspelar.
  • Du må ha respekt for barnet/ungdommen sin kommunikasjon og vilje til samhandling.

Skills

VernepleieMiljøterapiASK (Alternativ og supplerande kommunikasjon)Tverrfagleg samarbeidTurnusarbeidKoordinatoroppgåver

Experience

mid-level

Similar Jobs