Autosøk

Organisasjonssjef i Vestland

Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vere:

Fjellvegen 11 i Førde og Kokstadflaten 36 i Bergen, 5257 Kokstad

Job Description

Vestland er eit stort landbruksfylke kjenneteikna av ein variert topografi og bruksstruktur. Grovforbasert husdyrhald med aktivt beitebruk pregar jordbruket. Saman med dei kraftforbaserte husdyrproduksjonane og ein vesentleg produksjon av frukt, bær, potet og grønsaker gjer dette Vestland viktig for Norge sin samla matproduksjon og beredskap. Landbruksnæringa legg grunnlaget for ein variert og viktig næringsmiddelindustri, med stor verdiskaping og mange arbeidsplassar. Landbruket er ein viktig del av Vestland sitt grøne næringsliv, og Vestland Bondelag har ei nøkkelrolle i å ivareta vestlandsbonden sine interesser.

Vestland Bondelag har om lag 7000 medlemmer, 70 lokallag og eit offensivt fylkesstyre. Vi er til samen fem fast tilsette og har kontor i Bergen og Førde.

Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vere:

  • Næringspolitisk og fagleg verksemd
  • Organisasjonsarbeid og bistand til fylkes- og lokallag
  • Kontakt med statlege og fylkeskommunale forvaltningsorgan
  • Samarbeid med organisasjonane i landbruket
  • Medie- og politikarkontakt
  • Drift av fylkeskontorene

Vi tilbyr eit godt arbeidsmiljø med trivelege og engasjerte kollegaer, fleksitid, noko reiseverksemd, gode personal- og forsikringsordningar og konkurransedyktig løn.

Requirements

  • Du må ha god kjennskap til landbruket og organisasjonane i næringa.
  • Du bør ha høgare utdanning og/eller relevant erfaring innan landbruk eller organisasjonsarbeid.
  • Du må ha stor arbeidskapasitet og evne til å arbeide sjølvstendig.
  • Du må ha gode samarbeidsevner og vere utåtvend.

Skills

OrganisasjonsarbeidNæringspolitikkPolitisk kontaktarbeidMediekontaktLandbruksfagleg kompetanseSamarbeidsevner

Experience

mid-level

Similar Jobs