Autosøk

Vil du ha ein turnus med langvakter og jobb kvar fjerde helg?

Alver kommune

Sentralt på Manger, 5936 Manger

Job Description

Vil du ha ein turnus med langvakter og jobb kvar fjerde helg?

Me søkjer ein engasjert og fagleg dyktig helsefagarbeidar til fast tilsetjing. Arbeidet går ut på å gje trygg helsehjelp og praktisk bistand etter vedtak, i heimen til menneske med nedsett funksjonsevne.

Stillinga er fast 100 % med arbeid kvar fjerde helg, hovedsakleg langvakter med innslag av nokre ordinære vakter i årsturnus. Her får du eit meiningsfylt arbeid der du blir ein del av ei trivelig og støttande personalgruppe.

Arbeidsoppgåver

  • Gje heilskapleg helsehjelp og praktisk bistand tilpassa individuelle vedtak.
  • Skape tryggleik, struktur og gode dagar gjennom målretta miljøarbeid.
  • Vere primærkontakt og ha ei sentral rolle i oppfølginga av tenestemottakarar.
  • Rettleie elevar og lærlingar, og bidra til læring og fagleg utvikling i avdelinga.
  • Sikre god og presis dokumentasjon i elektronisk journalsystem.
  • Handtere medikament på ein trygg og fagleg forsvarleg måte.
  • Følgje opp vedtak etter helse- og omsorgstenestelova kapittel 9.
  • Samarbeide tett med kollegaer, pårørande og andre fagpersonar.

Requirements

  • Du må vere offentleg godkjend helsefagarbeidar eller hjelpepleiar.
  • Du må ha god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne.
  • Du må inneha førarkort klasse B.
  • Du må kunne handtere krevjande situasjonar med ro og tydelegheit.
  • Du må ha evne til etisk og fagleg refleksjon.

Skills

Helsefagleg oppfølgingMiljøarbeidDokumentasjon i journalsystemMedikamenthandteringRelasjonsbyggingKommunikasjonSamarbeidsevnerEtisk refleksjon

Salary

kr 475 300 - kr 551 100

Experience

mid-level

Similar Jobs