Autosøk

Spesialrådgjevar

FINN-kode

Lars Hilles gate 22, 5020 Bergen

Job Description

Trafikktryggleik for alle

Vil du bidra i arbeidet for nullvisjonen og målet om at færrast mogleg skal bli hardt skadde i trafikken? Trygg Trafikk er ein ideell organisasjon som arbeider for å oppnå best mogleg trafikksikkerheit for alle trafikantgrupper.

Om rollen

Spesialrådgjevaren skal bistå regionleiaren i Trygg Trafikk Vestland med å sikre at trafikkopplæring og informasjon om trafikksikkerheit vert gjennomført som ledd i ein samordna innsats mot trafikkulykkene.

Arbeidsoppgåver:

  • Vere pådrivar overfor kommunane og fylket for å sikre tverrfagleg arbeid med trafikksikkerheit.
  • Sikre ivaretaking av trafikkopplæring og trafikksikkerheit i vidaregåande skule, grunnskular og barnehagar.
  • Planleggje og gjennomføre trafikantretta trafikksikkerheitstiltak.
  • Gjennomføre kampanjar for auka bruk av tryggingsutstyr.
  • Publikumskontakt.

Vi tilbyr

  • Ein sjølvstendig og utfordrande jobb.
  • Gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling.
  • Varierte arbeidsoppgåver.
  • Dyktige kollegaer over heile landet.
  • Løn etter avtale.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse og gode forsikringsordningar.

Requirements

  • Du må ha god forståing for offentleg forvaltning og politiske prosessar.
  • Du må ha erfaring frå pådrivar- eller formidlingsarbeid.
  • Du må ha god skriftleg og munnleg framstillingsevne og meistre begge målformer.
  • Du må ha kjennskap til trafikksikkerheit som fagfelt.
  • Du må vere god på relasjonsbygging og ha erfaring med tverrfagleg samarbeid.

Skills

Offentleg forvaltningPådrivararbeidFormidlingRelasjonsbyggingTverrfagleg samarbeidTrafikksikkerheitProsjektarbeid

Experience

mid-level

Similar Jobs