Autosøk

Fagkonsulent/ vernepleiar med vidareutdanning eller erfaring

Vil du arbeide med kompleks habilitering i spesialisthelsetenesta?

Olav Bjordals veg 29, 5111 Breistein

Job Description

Fagkonsulent/ vernepleiar med vidareutdanning eller erfaring

Vil du arbeide med kompleks habilitering i spesialisthelsetenesta? Spennande fagstilling i Habiliteringsavdelinga for vaksne (HAVO).

Habiliteringsavdelinga for vaksne er ein del av ReHabiliteringsklinikken. HAVO gir tenester til vaksne med medfødd eller tidleg erverva funksjonsnedsetting. Oppfølginga av pasientar skjer ofte i tett samarbeid med kommunale tenester, pårørande, psykisk helsevern og andre einingar i spesialisthelsetenesta.

Dei sentrale arbeidsoppgåvene i HAVO er utgreiing, rettleiing og behandling, samt vurdering og rådgiving i tråd med Helse- og omsorgstenestelova kapittel 9. Arbeidet vil i hovudsak vere retta mot personar med utviklingshemming og autismespekterforstyrringar, som i tillegg kan ha psykiske helseutfordringar og åtferd som utfordrar.

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing og rettleiing knytta til ulike åtferdsutfordringar og psykiske helseplagar
  • Rettleiing i miljøterapeutiske tiltak
  • Bidra i vidareutvikling av fagområde
  • Behandlingsplanar
  • Bidra til gode løysingar i komplekse pasientsaker
  • Tverrfagleg arbeid med andre fagkonsulentar, psykolog og legar
  • Bistand til kommunar ved utarbeiding av tiltak etter Helse- og omsorgstenestelova Kap. 9
  • Kurs- og undervisingsoppgåver intern og eksternt

Vi tilbyr

  • Varierte og spennande oppgåver
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Fagutvikling og mentordning
  • Stabilt og triveleg arbeidsmiljø
  • Fleksitidsavtale (dagtid, fri høgtidar)
  • Gode parkeringsforhold

Requirements

  • Du må ha bachelorutdanning som vernepleiar eller annan relevant helsefagleg utdanning.
  • Du må ha norsk autorisasjon som helsepersonell.
  • Du må ha solid erfaring frå klinisk arbeid med målgruppa (utviklingshemming, autisme, åtferd som utfordrar og psykiske vanskar).
  • Du må ha god kunnskap om Helse- og omsorgstenestelova kapittel 9.
  • Du må meistre norsk språk godt, både munnleg og skriftleg.
  • Du må ha førarkort klasse B.

Skills

MiljøterapiHelse- og omsorgstenestelova kapittel 9Utgreiing og kartleggingTverrfagleg samarbeidRettleiingPsykisk helsearbeidAutisme- og utviklingshemming-kompetanse

Experience

mid-level

Similar Jobs