Sign in to auto-apply
Job Description
Medarbeider i aktiviseringsteam
Åna fengsel har ledig fast, full stilling i aktiviseringsteam. Medarbeidarar i aktiviseringsteam arbeider to-skift, med helgearbeid. Som tilsett i aktiviseringsteam har du ansvar for dei innsette og tilsette sin tryggleik, hente inn og vurdere informasjon og saksbehandling.
Arbeidsoppgåver
Aktiviseringsteamet skal bidra til å førebygge isolasjonsskader og aktiviserer innsette som ikkje klarer å delta i ordinær arbeidsdrift. Teamet skal gi eit eigna tilbod til målgruppa, som fysisk aktivitet, fritidsaktivitetar, individuelle- og gruppeaktivitetar eller annan meiningsfull aktivitet og menneskeleg kontakt. Aktivitetsteamet skal stå for oppfølging av innsette som er i fare for å isolere seg, samt utføre kartleggingar og risikovurderingar.
Vi tilbyr
- Meiningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag.
- Eit inkluderande arbeidsmiljø, både fagleg og sosialt.
- Gratis parkering og tilgang til el-billadar.
- Eit aktivt bedriftsidrettslag.
- Gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse.
Requirements
- Du må ha relevant utdanning som fengselsbetjent, sosialfagleg høgskuleutdanning, eller relevant yrkeserfaring.
- Du må ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.
- Du må ha god kunnskap og erfaring i bruk av IKT-system eller verktøy.
- Det er eit krav at opplæring i fysisk maktbruk blir bestått.
- Du må kunne framlegge ein uttømmande politiattest utan merknader.
Skills
Salary
474 000 - 650 000 NOK avhengig av stillingstype og ansiennitet
Experience
mid-level