Sign in to auto-apply
Job Description
Styrar Orre barnehage
Orre barnehage er ein kommunal barnehage med flott plassering på Orre. I barnehagen er det om lag 100 barn. Barnehagen er ein viktig del av lokalsamfunnet, og vi har eit tett og godt samarbeid med Orre skule, føresette og andre lokale aktørar.
Som styrar i Orre barnehage får du leie ein veldriven barnehage med god økonomi, dyktige medarbeidarar og engasjerte føresette. Du blir ikkje ståande aleine i leiaroppgåvene. Barnehagen har avdelingsleiar som gir tett leiarstøtte i kvardagen, og som ny styrar får du ein eigen fadder som hjelper deg godt inn i rolla og organisasjonen.
Arbeidsoppgåver
Som styrar får du moglegheita til å setje retning, inspirere om lag 30 medarbeidarar og vere med på å forme kvardagen for om lag 100 barn. Du får eit heilskapleg ansvar for drift og utvikling av barnehagen.
- Leie og vidareutvikle det pedagogiske arbeidet i barnehagen
- Skape engasjement og fagleg utvikling blant medarbeidarane
- Sikre eit trygt, inkluderande og lærerikt miljø for alle barn
- Forvalte barnehagen sine økonomiske ressursar på ein god måte
- Utøve personalleiing med fokus på nærvær, kompetanse og arbeidsmiljø
Requirements
- Du må ha godkjend treårig høgare utdanning som gir barnehagefagleg og pedagogisk kompetanse.
- Du må ha styrar- eller leiarutdanning.
- Du må ha erfaring med leiing og utvikling av medarbeidarar og profesjonsfellesskap.
- Du må ha god arbeidskapasitet og gjennomføringsevne.
- Du må ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne.
- Du må ha god forståing for økonomistyring og ressursforvaltning.
Skills
Experience
mid-level