Sign in to auto-apply
Job Description
Tilrettelagde tenester søkjer fagarbeidar
Vil du vere med og skape gode dagar for andre? I tilrettelagte tenester møter du menneske med ulike bistandsbehov, og får vere med på å skape ein kvardag prega av meistring, tryggleik og livsglede. Ingen dagar er heilt like, og du får ein variert og meiningsfull arbeidskvardag saman med engasjerte kollegaer.
Dette blir nokre av arbeidsoppgåvene dine
- Følgje opp og rettleie brukarar med ulike bistandsbehov.
- Planleggje og gjennomføre dagtilbod, arbeid og opplæring saman med tenestemottakar.
- Arbeide målretta for å skape meistring, trivsel og tryggleik.
- Tilpasse tenestene etter den enkelte sine behov, ønskje og vedtak.
- Samarbeide med kollegaer, pårørande og andre fagpersonar.
- Bidra til fagleg utvikling og gode tenester.
Vi tilbyr:
- To faste stillingar i 100 %.
- Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer.
- Ein variert og meiningsfull arbeidskvardag.
- Rettleiing og tett samarbeid med kollegaer.
- Moglegheit til å vere med og utvikle tenesta.
- Turnusarbeid.
Requirements
- Du må ha fagarbeidarutdanning, helst innan helse- eller pedagogiske fag.
- Du må ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
- Du må inneha førarkort klasse B.
- Du må kunne leggje fram gyldig politiattest.
Skills
Helsefagleg oppfølgingPedagogisk rettleiingMålretta miljøarbeidSamarbeidsevnerLøysingsorientertKommunikasjon
Experience
junior