Autosøk

Lærarstilling, 100% vikariat

Det er ledig eit 100% vikariat som lærar på Tonstad skule i perioden 01.10.26 31.07.27.

Tonstadveien 28, 4440 Tonstad

Job Description

Lærarstilling, 100% vikariat

Vil du gjera ein forskjell i kvardagen til elevane? Vi søkjer ein engasjert og dyktig lærar som ønskjer å skape eit trygt, inkluderande og inspirerande læringsmiljø og som vil vera med på å forme framtidas skule saman med oss.

Det er ledig eit 100% vikariat som lærar på Tonstad skule i perioden 01.10.26 – 31.07.27. Sirdal kommune har to grunnskular, Tonstad skule og Sinnes skule. Begge grunnskulane er kombinerte skular med 1.–10. trinn og SFO-tilbod. Skulane arbeider aktivt med skuleutvikling i eit profesjonsfellesskap, og er opptekne av læring, inkludering og læringsmiljø.

Tonstad skule har flotte og moderne fasilitetar til undervising, både ute og inne. Lærarane har gode arbeidstilhøve, og du får mange gode og engasjerte arbeidskollegaer, og ikkje minst flotte elevar.

Sirdal kommune har gode velferdstilbod til sine tilsette, som mellom anna leilegheit midt i Kristiansand og hytte ved Svennevig, nær sjøen.

Kvalifikasjonar

Vi søkjer lærar til grunnskulen som oppfyller krav om tilsetting og undervisingskompetanse i opplæringslov og forskrift. Fagsamansetjinga bør vera så brei som mogleg, helst med engelsk og norsk. Det er særleg behov for lærar med undervisingskompetanse på mellom- og ungdomstrinnet. Vi ser gjerne at du har erfaring som kontaktlærar, med gode evner til å skapa trygge læringsmiljø.

Personlege eigenskapar

Vi søkjer etter deg som er oppteken av relasjonsbygging, både til elevar, føresette og kollegaer, og som vektlegg å vera ein trygg og tydeleg vaksenperson. Vi treng ein lærar som er ein tydeleg klasseleiar som evner å skapa eit trygt og inkluderande læringsmiljø. Vi søkjer deg som er engasjert, motivert og som viser evne til å tilpassa deg ulike elevar sine behov.

Requirements

  • Du må oppfylla krav om tilsetting og undervisingskompetanse i tråd med opplæringslova.
  • Du må meistra nynorsk som opplæringsmål, både skriftleg og munnleg.
  • Du må ha undervisingskompetanse som er relevant for mellom- eller ungdomstrinnet.
  • Du må kunne levera godkjend politiattest ved tilsetting.
  • Du må ha evne til å skapa trygge og inkluderande læringsmiljø for elevane.

Skills

UndervisningRelasjonsbyggingKlasseleiingNorsk (nynorsk)Engelsk (fagkompetanse)Pedagogisk tilpassing

Experience

junior

Similar Jobs