Sign in to auto-apply
Job Description
Om stillinga
Eide er eit familieeigd selskap, og ein av pionerane i havbruksnæringa. Me har ein visjon om å setje standarden for framtidas havbruk. No ser me etter ein ny kollega på settefiskanlegget vårt K.J Eide i Hålandsdalen. Som driftsoperatør blir du ein viktig del av teamet vårt og vil bidra til at me når verksemda sine mål og visjonar.
Eksempel på arbeidsoppgåver:
- Fôring og røkting av fisk
- Drift og førebyggjande vedlikehald av anlegget
- Orden, reinhald og smitteførebyggjande arbeid
- Mottak og kontroll av fôr
- Bidra til kontinuerleg forbetring av verksemda sitt kvalitetssystem og arbeidsrutinar
Me tilbyr:
I Eide tør me å satse - både på visjonar og på folk. Som driftsoperatør hos oss blir du ein viktig lagspelar i eit inkluderande og godt arbeidsmiljø med moglegheiter for fagleg og personleg utvikling.
Requirements
- Du har fagbrev eller utdanning innan akvakultur, eller anna relevant erfaring frå havbruk.
- Du er motivert for å arbeide med fisk og oppdrett.
- Du er oppteken av berekraft, fiskehelse og god produksjon.
- Du bidreg til ein god HMS-kultur og arbeider strukturert.
- Du tek ansvar, arbeider sjølvstendig og viser initiativ.
- Du samarbeider godt og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø.
Skills
AkvakulturFiskevelferdDrift og vedlikehaldHMS-kulturSmitteførebyggingProduksjonsstyring
Experience
mid-level