Autosøk

Rektor - Bjorøy skule

Vil du leie ein skule med ambisjonar om å skape solid læring for framtida?

Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1, 5354 Straume

Job Description

Rektor - Bjorøy skule

Bjorøy skule er ein barneskule med om lag 110 elevar frå 1.7. trinn og kring 18 tilsette. Elevane kjem hovudsakleg frå Bjorøy og Tyssøy. Som ein liten skule har vi eit nært og trygt fellesskap der alle elevar blir sett, og der samarbeid mellom skule og heim står sentralt.

Visjonen vår er å skape «utforskande, kreative og trygge barn i eit stimulerande læringsmiljø». Bjorøy skule er kjend for eit godt læringsmiljø både i skule og SFO, og vi arbeider målretta for å utvikle trygge, modige og rause elevar. Vi har særleg fokus på lesing og på å gi elevane gode meistringsopplevingar gjennom ein variert og praktisk skulekvardag.

Arbeidsoppgåver:

  • Leie det pedagogiske utviklingsarbeidet i lag med leiarteamet
  • Økonomiansvar
  • Forvaltningsoppgåver
  • Overordna personalansvar
  • Utvikle skulen som ein lærande organisasjon
  • Samarbeide med politisk og administrativt nivå
  • Samarbeid med andre instansar

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

Requirements

  • Du må ha godkjent lærarutdanning.
  • Du må ha leiarerfaring frå grunnskulen.
  • Du må ha kompetanse om leiing av dei tilsette si læring og utvikling.
  • Du må ha gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg.
  • Du må ha digital kompetanse.

Skills

Pedagogisk leiingØkonomistyringPersonalansvarEndringsleiingRelasjonsbyggingDigital kompetanse

Experience

senior

Similar Jobs