Heimehjelpar – ein viktig kvardagshjelpar for eldre i Årdal kommune
Årdal kommune Pleie og omsorg
Statsråd Evensensveg 4, 6885 Årdalstangen
Sign in to auto-apply
Job Description
Heimehjelpar – ein viktig kvardagshjelpar for eldre i Årdal kommune
Vil du bidra til at eldre kan bu lenger heime? Ynskjer du ein jobb der du verkeleg betyr noko for andre menneske? Er du glad i å møte folk, skape gode samtalar og gjere kvardagen litt enklare for dei som treng det? Då kan ei stilling som heimehjelpar i Årdal kommune vere nettopp det du ser etter.
Me har no ledig to faste stillingar, ei 80 % fast stilling og ei 100% fast stilling. Som heimehjelpar får du ei viktig rolle i å hjelpe eldre innbyggjarar med å halde fram eit sjølvstendig og trygt liv i eigen heim. Du vert ein del av kvardagen til menneske som set stor pris på både hjelpa og samværet du bidreg med.
Ein jobb med meining
Som heimehjelpar møter du menneske i ulike livssituasjonar og får moglegheita til å gjere ein positiv forskjell kvar einaste dag. Arbeidet er variert og gjev rom for både sjølvstendig ansvar og samarbeid med gode kollegaer. Arbeidsdagen vil vere på dagtid og kan gå føre seg både i Øvre Årdal og på Årdalstangen. Det vil også vere praktiske oppgåver på sjukeheimen i arbeidskvardagen.
Kven ser me etter?
Me ser etter deg som trivst i møte med menneske og som har eit varmt engasjement for å hjelpe andre. Du likar at arbeidsdagane varierer, tek ansvar for eigne oppgåver og samarbeider godt med kollegaer når det trengst. Det er viktig at du er omgjengeleg, raus og respektfull i møte med andre menneske.
Requirements
- Du må kunne kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg.
- Det er krav om førarkort til bil.
- Du må vere omgjengeleg, raus og respektfull i møte med andre menneske.
- Du må trivast i møte med menneske og ha eit varmt engasjement for å hjelpe andre.
- Du må kunne ta ansvar for eigne oppgåver og samarbeide godt med kollegaer.
Skills
Experience
entry-level