Sign in to auto-apply
Job Description
Vernepleiar 100% - Prestbrekka bufellesskap
Me søkjer ein engasjert og fagleg trygg vernepleiar til 100 % fast stilling i langvaktturnus med arbeid kvar fjerde helg. Dette er ei spanande stilling for deg som ønskjer å bruke kompetansen din og vere med på å utvikle gode, målretta og trygge tenester.
Stillinga er i hovudsak knytt til éin tenestemottakar, og me ser etter deg som har kjennskap til helse- og omsorgstenestelova kapittel 9. Du vil få ein viktig rolle i å skape føreseielege rammer, gode relasjonar og ein meiningsfull kvardag.
Om Prestbrekka bufellesskap
Prestbrekka bufellesskap ligg sentralt på Manger og er heim for ni personar med ulike bistandsbehov. Hos oss er målet å gi tenester med høg fagleg kvalitet, tilpassa den einskilde, slik at bebuarane får ein trygg, aktiv og best mogleg kvardag.
Arbeidsoppgåver
- Fagutvikling, opplæring og rettleiing.
- Utarbeide mål, planar og tiltak.
- Arbeide i tråd med helse- og omsorgstenestelova kapittel 9.
- Leggje til rette for gode og individuelt tilpassa tenester.
- Sikre god dokumentasjon i tråd med gjeldande rutinar og retningslinjer.
- Kartleggje behov og følgje opp tiltak.
- Samarbeide med lege og spesialisthelsetenesta.
Requirements
- Du må vere offentleg godkjent vernepleiar eller sjukepleiar med relevant erfaring.
- Du må ha god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne.
- Du må inneha førarkort klasse B.
- Du må ha god fysisk helse og trivast i ein aktiv arbeidskvardag.
- Det er ein føremon om du har erfaring med autisme og åtferd som utfordrar.
Skills
Salary
554 400 - 648 900 NOK
Experience
mid-level