Autosøk

Sjukepleiar

Medisinsk sengepost 5 Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF

Åsehaugen 5, 6017 Ålesund

Job Description

Medisin 5 - Sjukepleiar

Medisin 5 er ein spennande arbeidsplass med eit solid fagmiljø, hyggelege og engasjerte kollegaer, og med tydeleg fokus på best mogleg pasientbehandling. Her har vi akutt medisinske pasientar med fagfelta: slag, geriatri og ortogeriatri. Vi har i tillegg pasientar med generelle indremedisinske problemstillingar.

Vil du ta del i ein arbeidsplass med stadig nye utfordringar, høgt tempo og mykje positiv energi? Ønskjer du ein kvardag der arbeidsglede, latter og positivitet pregar arbeidsmiljøet i seksjonen? Har du faglege ambisjonar og vil vere med på å vidareutvikle fagområdet vårt? Då håpar vi at akkurat DU søkjer!!

Arbeidsoppgåver

  • Ivareta det sjukepleiefaglege ansvaret for pasientane.
  • Sjukepleieadministrative- og koordinerande oppgåve.
  • Sjukepleieprosedyrar og kliniske observasjonar.
  • Arbeid med kvalitet- og pasienttryggleik.
  • Rettleiing av studentar og kollegaer.
  • Samhandling med kommunar.
  • Kontinuerlig forbetringsarbeid.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid.
  • Ein inkluderande arbeidsplass.
  • Internundervisning kvar mnd, samt egne fagdagar 2 gongar i året.
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar.
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår.

Requirements

  • Du har norsk autorisasjon som sjukepleiar.
  • 3.års sjukepleiarstudentar kan også søkje og bli vurdert.
  • Du behersker godt norsk, munnleg og skriftleg, tilsvarande minimum nivå B2.
  • Du har evne til å arbeide i eit miljø med høg aktivitet.
  • Du er ansvarsbevisst og strukturert.

Skills

SjukepleieKliniske observasjonarPasientbehandlingKoordineringTverrfagleg samarbeidRettleiingKvalitetsarbeid

Experience

junior

Similar Jobs