Koordinator pasientlogistikk
Voss sjukehus / Kirurgisk seksjon, Helse Bergen HF
Sjukehusvegen 16, 5704 Voss
Sign in to auto-apply
Job Description
Om sjukehuset
Voss sjukehus er eit akuttsjukehus med beredskap innan indremedisin, kirurgi, ortopedi, anestesi, føde- og gynekologi. Me er ein del av Helse Bergen og har tett samarbeid med Haukeland universitetssjukehus.
Om seksjonen og stillinga
Kirurgisk seksjon har eit aktivt og sterkt fagmiljø som omfattar både kirurgi, gynekologi og ortopedi. Me søkjer no ein koordinator for pasientlogistikk i 100% fast stilling. Du vil ha ei sentral rolle i planlegging og koordinering av poliklinikk- og operasjonsprogram, oppfølging av ventelister og kapasitetsstyring.
Arbeidsoppgåver
- Planlegge, koordinere og fylgje opp poliklinikk- og operasjonsprogram i samarbeid med relevante fagmiljø.
- Sikre effektiv bruk av ressursar, inkludert rom, personell og utstyr.
- Fylgje opp endringar, avvik og omprioriteringar i program og timeoppsett.
- Bestille og tilpasse timar, samt handtere ventelister og prioriteringar.
- Bistå behandlarar ved undersøkingar, behandlingar og prosedyrar i poliklinikk.
- Vere kontaktpunkt for samarbeidspartnarar i planlegging.
- Bidra til god informasjonsflyt internt og eksternt.
- Bidra til kvalitetssikring og kontinuerleg forbetring av rutinar og arbeidsprosessar.
- Delta i utviklingsarbeid knytt til pasientlogistikk og drift.
Requirements
- Du må ha utdanning som helsesekretær, medisinsk sekretær, fagbrev i kontorfag eller anna relevant sekretærutdanning.
- Helsesekretærar må ha gyldig norsk autorisasjon.
- Du må meistre norsk godt, både munnleg og skriftleg.
- Du må ha gode digitale ferdigheiter.
- Det er ein fordel med kjennskap til medisinsk terminologi og elektroniske pasientsystem.
Skills
PasientlogistikkKoordineringMedisinsk terminologiElektroniske pasientsystemAdministrasjonKapasitetsstyring
Experience
mid-level