Autosøk

20 % avtaleheimel i augesjukdomar i Stavanger – junior-senior avtale

Helse Vest RHF

Knud Holms gate 8, 4005 Stavanger

Job Description

20 % avtaleheimel i augesjukdomar i Stavanger – junior-senior avtale

20 % avtaleheimel for godkjend spesialist i augesjukdomar er ledig frå 01.01.2027, eller etter avtale. Overtakinga av eksisterande praksis vil skje i tråd med reglane om seniorpolitikk - avtalt mellom dei regionale helseføretaka og Den norske legeforening, jf. §12 i rammeavtalen. Det er eit formål med seniorordninga at junior skal overta heile praksisen når senior fråtrer, seinast januar 2031.

Det er ein føresetnad at den som vert tildelt heimelen skal drive frå same lokalar og i nært samarbeid med noverande innehavar. Spesialisten som overtek skal avlaste spesialisten som trapper ned, og kan ikkje arbeide i praksisen ut over den avtalte arbeidstida.

Arbeidsoppgåver

  • Utføre undersøkingar, diagnostikk og behandling i medhald av regionale og nasjonale mål.
  • Ha eit nært fagleg og forpliktande samarbeid med Helse Stavanger HF.
  • Ta imot pasientar tilvist frå Helse Stavanger HF.
  • Drifte praksisen i tråd med utviklinga i faget og befolkninga sitt behov.

Vilkår og rammer

Spesialisten som overtek skal drive primært med oftalmomedisinsk praksis, inkludert SLT og YAG-laser, i noverande lokale i MagasinBlaa i Stavanger sentrum. Det vil ikkje blitt gitt moglegheit for operativ (grå stær) augelegeteneste.

Driftstilskotet utgjer eit årleg beløp p.t. mellom kr. 1 210 000 (klasse 1) til kr. 1 801 000 (klasse 3).

Requirements

  • Du må vere godkjend spesialist i augesjukdomar.
  • Du må ha erfaring med å drive sjølvstendig næringsdrivande praksis.
  • Du må vere løysingsorientert, serviceinnstilt og ein tydeleg relasjonsbygger.
  • Du må kunne samarbeide tett med noverande innehavar og Helse Stavanger HF.

Skills

OftalmologiDiagnostikkSLT-laserYAG-laserPasientbehandlingSamarbeidsevner

Salary

1 210 000 - 1 801 000 NOK (driftstilskot)

Experience

mid-level

Similar Jobs