Autosøk

Rådgjevar

Me ynskjer at du har:

Uttrågata 9, 5700 Voss

Job Description

Me har ledig 100 % fast stilling som Rådgjevar Eigedom med oppstart så snart som råd. Stillinga er plassert i kommunalavdeling for Samfunnsutvikling og Kultur.

Innhald i stillinga:

Rådgjevar Eigedom i Voss herad skal bidra til å utvikle og forvalte ein framtidsretta eigedomsportefølje som støttar heradet sine mål for samfunns- og tenesteutvikling. Stillinga har ei sentral rolle i å identifisere moglegheiter, greie ut utviklingsprosjekt og omsetje eigedomsstrategien til konkrete tiltak.

Rådgjevaren skal vere ein pådrivar for utvikling av eigedomsporteføljen, effektiv arealbruk, verdiskaping og berekraftige løysingar, og bidra til å utvikle eigedom som eit strategisk verkemiddel for Voss herad. Stillinga omfattar òg ansvar for forvaltning av eigedomsporteføljen, mellom anna utvikling og oppfølging av leige- og bruksavtalar, kontraktsforhandlingar, fakturering og systematisk gjennomgang av eigedomsmassen. Vidare inngår handsaming av juridiske og eigedomsfaglege problemstillingar knytt til eigedomsgrenser, hefter, kontraktsvilkår, reguleringsplanar, utbyggingsavtalar og anna relevant lovverk.

Me tilbyr:

  • Eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø.
  • Eit arbeidsfellesskap som er engasjert i innovasjon og utvikling.
  • God tilrettelegging for fagleg og personleg utvikling.
  • Fleksibilitet til å påverka sjølve stillinga og arbeidsdagen.
  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver.
  • Fleksitid som gir god balanse mellom arbeid og fritid.
  • Løn etter kommunalt avtaleverk, samt konkurransedyktige forsikrings- og pensjonsordningar.

Requirements

  • Du har høgare utdanning innan relevante fagområde som eigedomsforvaltning, juss, ingeniørfag eller liknande.
  • Du har erfaring eller kjennskap til offentleg forvaltning og tilhøyrande regelverk.
  • Du har gode ferdigheiter i både skriftleg og munnleg norsk.
  • Du har god digital kompetanse og motivasjon for å ta i bruk nye digitale løysingar.
  • Du innehar førarkort klasse B.

Skills

EigedomsforvaltningKontraktsforhandlingarOffentleg forvaltningProsjektutviklingJuridisk forståingDigital kompetanseSamarbeidsevner

Experience

mid-level

Similar Jobs