Autosøk

Seksjonsleiar

Serviceseksjon Nordfjord, Helse Førde

Sjukehusvegen 13, 6770 Nordfjordeid

Job Description

Seksjonsleiar

Vil du vere med og forme framtidas sekretærtenester i Helse Førde? Då kan stillinga som seksjonsleiar ved Serviceseksjon Nordfjord vere noko for deg.

Serviceseksjon Nordfjord leverer sekretærteneste til skadepoliklinikken, medisinsk avdeling og radiologisk avdeling. Seksjonen har ansvar for pasientadministrative oppgåver, mellom anna innkalling av pasientar, registrering, telefoni, betaling og skriveteneste. I tillegg har seksjonen ansvar for sentralbord og ID-kort ved Nordfjord sjukehus.

Som seksjonsleiar blir du ein viktig del av den lokale leiargruppa ved Nordfjord sjukehus og medlem i sjukehuset si beredskapsleiing. Det er jamlege møtepunkt og tett samarbeid med dei andre leiarane ved sjukehuset. Du blir òg ein del av leiarteamet i Avdeling for medisinsk sekretærteneste.

Sekretærtenesta er eit fagområde i stadig utvikling. Nye arbeidsformer og innføring av teknologi skapar nye moglegheiter og endrar måten vi arbeider på. Vi søkjer deg som er framtidsretta og ønskjer å vere med på å utvikle og styrkje sekretærtenestene i Helse Førde.

Arbeidsoppgåver

  • Personal, fag og økonomiansvar
  • Deltaking i prosjekt
  • Medlem i lokal beredskapsleiing
  • Vere innstilt på å jobbe i drift som sekretær ved behov

Vi tilbyr

  • Løn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Opplæring
  • Leiarutviklingsprogram tilpassa leiarar i Helse Førde

Requirements

  • Du må ha erfaring med leiing og personalansvar, eventuelt prosjektleiing.
  • Du må ha helsesekretærutdanning eller anna relevant utdanning og erfaring.
  • Du må ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.
  • Det er ønskjeleg med erfaring som sekretær ved sjukehus eller poliklinikk.
  • Det er ein fordel med kunnskap om pasientdatasystema Dips Arena og Sectra.

Skills

PersonalansvarØkonomistyringProsjektleiingBeredskapsleiingHelsesekretærfagleg kompetanseEndringsleiingKommunikasjonStrukturert arbeidsmetodikk

Experience

mid-level

Similar Jobs