Førde heimeteneste, eining 2 har ledig helsefagarbeidarstillingar
Sunnfjord kommune Førde heimeteneste, eining 2
Prestebøen 8, 6809 Førde
Sign in to auto-apply
Job Description
Førde heimeteneste, eining 2 har ledig helsefagarbeidarstillingar
Førde heimeteneste eining 2, har base på Prestebøen 8 i Førde, og er ei av totalt seks heimetenester i Sunnfjord kommune. Vi yter tenester innan heimesjukepleie, heimehjelp, matombringing og velferdsteknologi til heimebuande. Eininga har om lag 40 årsverk.
Heimetenesta har fokus på implementering av velferdsteknologi. Vi er ein del av ressurssjukepleiarnettverket for kreftomsorg og lindrande behandling i kommunen. I tillegg har vi fokus på fleire tiltak innan demensomsorg. Vi ønsker å vere ei levande teneste med framtidsretta fokus der vi saman skal yte gode tenester til innbyggjarane våre!
Stillingar:
- 100 % fast stilling for helsefagarbeidar frå 01.09.2026
- 100 % mellombels stilling for helsefagarbeidar i perioden 10.09.2026 - 05.05.2027
Stillingane inneheld ein variert arbeidskvardag i todelt turnus med arbeid på laurdag og søndag.
Kva kan vi tilby?
- Engasjerte kollegaer og leiarar som vil utvikle Førde heimeteneste vidare
- Eit inkluderande arbeidsmiljø
- Pasientnært fokus med varierte arbeidsdagar
- Kompetansetillegg for relevant vidareutdanning
Requirements
- Du må ha norsk autorisasjon som helsefagarbeidar.
- Du må kunne beherske godt norsk, både munnleg og skriftleg.
- Du må inneha førarkort klasse B.
- Du må vere trygg på å jobbe sjølvstendig.
- Du må ha gode samarbeidsevner og bidra til godt teamarbeid.
Skills
Experience
junior