Sign in to auto-apply
Job Description
Prosjektleiar
Vil du vere med på å uvikle framtidas vasskraft i Sogn? Hos Sognekraft er du med frå dei første planane til anlegga er i drift. Me ser etter både erfarne prosjektleiarar og ingeniørar som ønskjer å utvikle seg innan prosjektleiing. Hos oss blir ansvar og oppgåver tilpassa kompetansen, erfaringa og ambisjonane dine.
Dette blir kvardagen din
Som ein del av prosjekt- og utviklingsmiljøet vårt planlegg, utviklar og gjennomfører du utbyggings- og fornyingsprosjekt innan vasskraft. Arbeidet skjer i tett samarbeid med fagmiljø, entreprenørar, rådgjevarar og offentlege styresmakter.
Derfor trivst me hos Sognekraft
Hos oss får du tillit, ansvar og rom til å utvikle deg. Me er nærare 30 kollegaer i Sognekraft Produksjon og om lag 160 i konsernet. Det gir oss eit fagmiljø med brei kompetanse, samstundes som me er små nok til at du får påverke og kjenne kollegaene dine. Kvardagen vekslar mellom kontor, prosjektmøte og arbeid ute på anlegg.
Requirements
- Du har høgare utdanning innan bygg, elektro, automasjon, maskin eller andre relevante tekniske fag.
- Du kommuniserer godt på norsk, både munnleg og skriftleg.
- Du må inneha førarkort klasse B for synfaringar og prosjektoppfølging.
- Du må kunne gjennomgå bakgrunnssjekk og personkontroll i samsvar med kraftberedskapsforskrifta.
Skills
Experience
mid-level