Autosøk

100 % fast stilling som fagsjukepleiar

Skjåkheimen og heimetenesta

Skjåk

Job Description

100 % fast stilling som fagsjukepleiar

Vil du vere med å utvikle framtidas helse- og omsorgstenester i Skjåk? Vi søkjer ein engasjert fagsjukepleiar som vil bidra til kvalitet, kompetanse og gode pasientforløp – og vere ein viktig pådrivar i utviklinga av eit sterkt fagmiljø på tvers av heimetenesta og Skjåkheimen.

Om stillinga

Stillinga er nyoppretta og delt mellom Skjåkheimen og heimetenesta. Du får ei sentral rolle i å styrkje samhandling, utvikle fag og sikre gode pasientforløp og god ressursutnytting på tvers i tett samarbeid med avdelingsleiarar og tenesteleiar. Stillinga kombinerer klinisk arbeid med fagutvikling og administrative oppgåver og gir gode moglegheiter til å påverke og utvikle tenestene.

Arbeidsoppgåver

  • Medansvar for fag, kvalitet og kompetanseheving.
  • Rettleie og støtte kollegaer og studentar.
  • Bidra til fagutvikling, oppfølging av prosedyrar og internundervisning.
  • Delta i tverrfagleg samarbeid og pasientoppfølging.
  • Bidra til god samhandling mellom heimetenesta og institusjon.

Vi tilbyr

Tilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale. Pensjonsordning i KLP.

Requirements

  • Du må vere autorisert sjukepleiar.
  • Du må ha interesse for fagutvikling og kvalitetsarbeid.
  • Du må ha gode norskkunnskapar.
  • Du må ha førarkort klasse B.
  • Du må vere sjølvstendig, strukturert og løysingsorientert.

Skills

FagutviklingKvalitetsarbeidRettleiingTverrfagleg samarbeidPasientoppfølgingAdministrasjon

Experience

mid-level

Similar Jobs