Sign in to auto-apply
Job Description
Om stillinga og arbeidsstaden
Ved Bergen og omland familiekontor, avdeling Odda, har vi ledig fast stilling som konsulent/førstekonsulent i 100 % stilling, med oppstart fra 15.11.2026. Bergen og omland familiekontor har til saman omlag 40 tilsette med utdanning som familieterapeutar, psykologar/psykologspesialistar, og tilsette med kontorfagleg kompetanse.
Arbeidsoppgåver
Hos oss vil du få ansvar for:
- Ta imot daglege henvendelsar frå publikum gjennom telefon og e-post.
- Følgje opp henvendelsar gjennom telefon til klientar.
- Samarbeide med terapeutar om inntaksarbeid knytt til avtalar.
- Vere til disposisjon for våre klientar på venterommet.
- Administrere og samarbeide om dagleg flyt i kalender med nye, og allereie oppretta klientavtalar.
- Ansvar for at statistikk og data vert utfylt og rapportert vidare i systemet.
- Ansvar for kontering og attestering av fakturaer.
- Ansvar for dokumentasjon og kassasjon i tråd med gjeldande reglar i arkivlova.
- Andre kontorfaglege oppgåver.
Requirements
- Du må ha minimum treårig vidaregåande skule, med fortrinn for fagbrev i kontor- og administrasjonsfag eller relevant bachelorutdanning.
- Du må ha meir enn 2 års erfaring frå tilsvarande kontorfagleg arbeid, gjerne frå offentleg verksemd.
- Du må ha god systemforståelse og generelt god IT-kompetanse, særleg i Microsoft 365 og Excel.
- Du må beherske norsk flytande som arbeidsspråk, skriftleg og munnleg, og du må beherska nynorsk skriftleg som arbeidsspråk.
Skills
KontoradministrasjonMicrosoft 365ExcelFakturabehandlingArkivlovforståelseStatistikkrapporteringNynorsk skriftleg
Salary
540.000 - 640.000 NOK per år
Experience
mid-level