Seksjonsleiar
Vil du vere med og forme framtidas sekretærtenester i Helse Førde?
Sjukehusvegen 13, 6770 Nordfjordeid
Sign in to auto-apply
Job Description
Vil du vere med og forme framtidas sekretærtenester i Helse Førde? Då kan stillinga som seksjonsleiar ved Serviceseksjon Nordfjord vere noko for deg.
Serviceseksjon Nordfjord leverer sekretærteneste til skadepoliklinikken, medisinsk avdeling og radiologisk avdeling. Seksjonen har ansvar for pasientadministrative oppgåver, mellom anna innkalling av pasientar, registrering, telefoni, betaling og skriveteneste. I tillegg har seksjonen ansvar for sentralbord og ID-kort ved Nordfjord sjukehus.
Som seksjonsleiar blir du ein viktig del av den lokale leiargruppa ved Nordfjord sjukehus og medlem i sjukehuset si beredskapsleiing. Det er jamlege møtepunkt og tett samarbeid med dei andre leiarane ved sjukehuset. Du blir òg ein del av leiarteamet i Avdeling for medisinsk sekretærteneste.
Arbeidsoppgåver
- Personal-, fag- og økonomiansvar
- Deltaking i prosjekt
- Medlem i lokal beredskapsleiing
- Vere innstilt på å jobbe i drift som sekretær ved behov
Vi tilbyr
- Løn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Opplæring
- Leiarutviklingsprogram tilpassa leiarar i Helse Førde
Requirements
- Du må ha erfaring med leiing og personalansvar, eventuelt prosjektleiing.
- Du må ha helsesekretærutdanning eller anna relevant utdanning og erfaring.
- Du må ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.
- Det er ønskjeleg med erfaring som sekretær ved sjukehus eller poliklinikk.
- Det er ein fordel med kunnskap om pasientdatasystema Dips Arena og Sectra.
Skills
Salary
Løn etter avtale
Experience
mid-level