Sign in to auto-apply
Job Description
Om stillinga
Austevoll kommune har ledige to faste stillingar som rådgjevar innanfor byggesaksbehandling. I tett samarbeid med engasjerte kollegaer vil du bidra til effektivisering av kommunen sine tenester og fremme tverrfagleg samhandling. Som byggesaksrådgjevar vil du vere med på å gje innbyggarane god service og rettleiing, og sikre kvalitet og effektivitet i behandlinga av byggesaker.
Ansvars- og arbeidsoppgåver
- Behandle byggesaker og dispensasjonar etter plan- og bygningslova
- Behandle løyve til utslepp etter forureiningslova
- Behandle seksjonering etter lov om eierseksjonar
- Behandle delesaker etter plan- og bygningslova
- Tilsyn med byggesaker og oppfølging av ulovlegheiter
- Råd og rettleiing til publikum
- Tverrfagleg samhandling med andre fagområde i kommunen
- Førebuing av saker til politisk behandling
Vi tilbyr
- God opplæring og rettleiing
- Ei spanande rolle og moglegheit til å ha ein sentral rolle i utviklinga av lokalsamfunnet
- Varierte, spanande og samfunnsnyttige oppgåver
- Moglegheit for fagleg utvikling i eit godt og positivt fagmiljø
- Løn etter kvalifikasjonar
- Delvis heimekontor og fleksibel arbeidstid
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Requirements
- Utdanning på relevant masternivå innan byggingeniør, landmåling, jus, arkitektur, miljø- og naturforvaltning eller samfunnsfag.
- Realkompetanse gjennom lang erfaring innan fagområdet kan erstatte formell utdanning.
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk (nynorsk).
- Førarkort klasse B.
- Internasjonale gradar må vere godkjent av NOKUT.
Skills
SaksbehandlingPlan- og bygningslovaOffentleg forvaltningKommunikasjonSamarbeidsevnerStrukturert arbeidsmetodikk
Salary
Løn etter kvalifikasjonar
Experience
mid-level