Autosøk

Ønskjer du å jobbe som økonomisk sparringspartnar og utgjere ein forskjell i framtidas sparebank?

Sparebanken Norge

Storehagen 3, 6800 Førde

Job Description

Finansielle rådgivarar til Førde

Sparebanken Norge er landets største sparebank! Bransjen vår er i stadig utvikling, og vi blir kontinuerleg utfordra på kva bank skal vere. Dette gjer at vi heile tida må tenkje nytt, og du vil difor kunne påverke og bidra i avgjersler hos oss.

Om kontoret og laget

I Førde er vi eit energisk og engasjert lag som jobbar tett saman for å skape dei beste kundeopplevingane basert på høg kompetanse, kort responstid og framoverlente rådgivarar. Vi har ei sterk lokal forankring i Sunnfjord og er stolte av rolla vi spelar -- både for kundane våre og for lokalsamfunnet.

Kva går jobben ut på?

Som finansielle rådgivarar jobbar vi som økonomiske sparringspartnarar for nye og eksisterande kundar. Vi hjelper dei med å byggje ein robust privatøkonomi -- for i dag og for framtida. Som rådgivar hos oss har du ansvar for din eiga portefølje. Du møter kundane i alle kanalar, men primært gjennom fysiske eller digitale møte eller på telefon.

Kva får du hos oss?

Hos oss får du eit lag som heiar på deg og vil at du skal lukkast -- både i rolla og i karrieren. Du får heile Sparebanken Norge i ryggen, med tilgang til støttefunksjonar, spesialistar og tverrfagleg kompetanse frå heile landet.

Requirements

  • Du må ha eit genuint engasjement for privatøkonomi og god kundedialog.
  • Du må vere komfortabel og profesjonell i møte med kundar.
  • Du må vere målretta i arbeidet og motiverast av å levere vekst og gode salgsresultat.
  • Du må vere ein lagspelar som set laget først.
  • Det er eit krav å vere autorisert i sparing og investering, kreditt, person- og skadeforsikring (eller vere villig til å ta denne autorisasjonen).

Skills

Finansiell rådgjevingKundebehandlingSalgPrivatøkonomiRelasjonsbyggingKredittvurderingForsikring

Experience

mid-level

Similar Jobs