Sign in to auto-apply
Job Description
Driftsoperatør - Settefiskanlegg
Eide er eit familieeigd selskap, og ein av pionerane i havbruksnæringa. Me har ein visjon om å setje standarden for framtidas havbruk. No ser me etter ein ny kollega på settefiskanlegget vårt K.J Eide i Hålandsdalen.
Om stillinga
Som driftsoperatør blir du ein viktig del av teamet vårt og vil bidra til at me når verksemda sine mål og visjonar. Du tek aktiv del i den daglege drifta av anlegget og er med på å utvikle gode arbeidsmetodar og driftsrutinar. Stillinga inngår òg i gjeldande vaktordning.
Eksempel på arbeidsoppgåver:
- Fôring og røkting av fisk
- Drift og førebyggjande vedlikehald av anlegget
- Orden, reinhald og smitteførebyggjande arbeid
- Mottak og kontroll av fôr
- Bidra til kontinuerleg forbetring av verksemda sitt kvalitetssystem og arbeidsrutinar
Me tilbyr:
- Jobb i ei framtidsretta og spennande næring
- Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver
- Et arbeidsmiljø der både tryggleik og arbeidsglede står sterkt
- Moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- Konkurransedyktige vilkår
Requirements
- Du har fagbrev eller utdanning innan akvakultur, eller anna relevant erfaring frå havbruk.
- Du er motivert for å arbeide med fisk og oppdrett.
- Du er oppteken av berekraft, fiskehelse og god produksjon.
- Du bidreg til ein god HMS-kultur og arbeider strukturert.
- Du tek ansvar, arbeider sjølvstendig og viser initiativ.
- Du samarbeider godt og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø.
Skills
AkvakulturFiskevelferdDrift og vedlikeholdHMS-kulturSmitteførebyggjande arbeidStrukturert arbeidsmetodikk
Experience
mid-level