Sign in to auto-apply
Job Description
Seljar
Har du hjarte for VA og lyst til å skape resultat saman med oss? Vi styrkjer laget og søkjer ein framoverlent seljar til VA-avdelinga vår. Vi ser etter deg som kjenner VA-bransjen frå innsida – gjerne med erfaring frå grøfta, montering eller prosjektgjennomføring – og som ønskjer å bruke kompetansen din til å skape verdi for kundar og vidare vekst saman med resten av laget.
Hjå oss er beslutningsvegane korte, kollegaene jordnære og ambisjonane høge.
Kva skal du gjere?
Som seljar i VA-avdelinga blir du ein viktig bidragsytar i vidare utvikling av marknaden vår. Du vil mellom anna:
- Følgje opp eksisterande kundar og prosjekt
- Oppsøkje nye kundar og skape nye forretningsmoglegheiter
- Utarbeide tilbod og forhandle fram gode løysingar
- Vere ein fagleg sparringspartnar for entreprenørar, kommunar og rådgjevarar
- Bidra til vekst og lønsemd i marknaden vår
Kven er du?
Vi trur du kjenner deg att i fleire av desse punkta:
- Du har erfaring frå VA-bransjen, gjerne frå grøfta eller montering av VA-anlegg
- Du har forståing for korleis prosjekt blir planlagde og gjennomførte
- Erfaring frå prosjektleiing, kalkulasjon eller sal er ein fordel
- Du er utadvendt, sjølvstendig og flink til å byggje relasjonar
- Du trivst med kundekontakt og motiverast av å skape resultat
Relevant erfaring er viktigare enn formell utdanning. Vi er først og fremst på jakt etter ein person som kjenner bransjen, forstår kundane sine behov og ønskjer å vere med på å utvikle Førde Sementvare vidare.
Kvifor velje Førde Sementvare?
Hjå oss får du:
- Ei sentral rolle i ei sterk og framtidsretta bedrift
- Eit godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer
- Stor grad av fridom og ansvar
- Moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- Konkurransedyktige vilkår
Requirements
- Du har erfaring frå VA-bransjen, gjerne frå grøfta eller montering av VA-anlegg.
- Du har forståing for korleis prosjekt blir planlagde og gjennomførte.
- Du er utadvendt, sjølvstendig og flink til å byggje relasjonar.
- Du trivst med kundekontakt og motiverast av å skape resultat.
Skills
Experience
mid-level