Sign in to auto-apply
Job Description
Vil DU bli ein del av vårt leiarteam?
Tenesteområdet Helse- og omsorg, avdeling Heimetenesta, søkjer etter avdelingsleiar! Vil du leie og utvikle framtidas heimetenester? Som avdelingsleiar i Heimetenesta vil du ha ei nøkkelrolle i eit framoverlent leiarteam i Helse- og omsorg.
Arbeidsoppgåver:
- Budsjettoppfylging som inneber å delta aktivt i budsjettarbeid og budsjettrapportering
- Fag- og personalansvar for alle tilsette i avdelinga
- Levere god tenestekvalitet i tråd med tildelingskriterier og avdelinga sine rammer og mål
- Utøve nærleiing og ha høg tilstedeværelse i avdelinga
- Ha fokus på kontinuerleg forbetringsarbeid og læring
- Arbeide for eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
- Ha nært samarbeid med tillitsvalde, verneombod og Miljøgruppe
- Turnusansvar og ansvar for tilsettingsprosessar
Vi tilbyr:
- 100 % fast stilling som avdelingsleiar Heimetenesta
- Eit utfordrande og spennande arbeidsfelt i stadig utvikling
- Deltaking i ei støttande og inkluderande leiargruppe
- Eit godt fagmiljø med dyktige og rutinerte kollegaer
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Konkurransedyktig lønn
- Hjelp med mellombels bustad for dei som ikkje kan dagpendle
Requirements
- Du må ha autorisasjon som sjukepleiar med minimum 5 års erfaring.
- Du må ha gode turnuskunnskapar.
- Du må ha god digital kompetanse og evne til å sjå moglegheiter ved bruk av helseteknologi.
- Du må ha god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne.
- Det er ynskjeleg med leiarutdanning og/eller erfaring med leiing av helsetenester.
- Det er ynskjeleg med forståing for og erfaring med økonomistyring og politisk styrte rammebetingelser.
Skills
SjukepleiePersonalansvarØkonomistyringTurnusplanleggingEndringsleiingDigital kompetanseHMS-forståing
Experience
mid-level