Legevaktslege/ØHD-lege - Spesialist i allmennmedisin - nordsjøturnus - Førde
Sunnfjord Og Ytre Sogn Interkommunale Legevaktsamarbeid
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
Sign in to auto-apply
Job Description
Legevaktslege/ØHD-lege - Spesialist i allmennmedisin - nordsjøturnus - Førde
Sunnfjord og Ytre Sogn Interkommunale Legevakt (SYS IKL) har 4 stillingar for legevaktslege/ØHD-lege (70% stilling) i nordsjøturnus på legevakta i Førde, der 1 av desse stillingane no er ledig frå 01.09.2026.
Arbeidsoppgåver:
Stillinga inneber i hovedsak diagnostikk og behandling at akutt skade og sjukdom ved legevakta, og oppfølging av pasientar inneliggande ØHD-avdelinga (5 senger). ØHD-avdelinga kan og bli nytta til utskrivningsklare pasientar frå sjukehus. Utrykking frå legevakta må gjerast ved behov. Legevakta er bemanna med 2 fastlegar fram til kl 23 på kvardag og i helg/høgtid. På natt er det ein fast tilsett lege på vakt, med fastlege i beredskapsvakt heime i helgane. Legevaktslegen bidreg til god samhandling mellom øvrig personell og eksterne aktører som ambulanse, AMK og politi.
Arbeidsperiode og arbeidstid:
Legen har arbeidsperioder på ei veke, og tre veker fri. Arbeidstid: Vakt kl 23-08, tilsynslege ØHD kl 08 -- 11. Arbeidsperioden startar på torsdagar kl 23, og varer til og med neste torsdag kl 11.
Vi tilbyr:
- Triveleg arbeidsplass med gode rutiner og varierte, spanande og utfordrende arbeidsoppgaver med fokus på kompetanseutvikling
- God fastlønn etter lokal avtale heimla i HTA kap 5
- For lege som pendlar: Fast møblert bustad inkludert straum og internett, utan ekstra kostnader
- Dekning av kursutgifter i friperiode for å oppretthalde refusjonsrett som spesialist, inntil 7 dagar pr år
- Gode pensjonsordninger gjennom KLP
Requirements
- Søker må vere godkjent spesialist i allmennmedisin i Norge.
- Søker må ha norsk autorisasjon som lege og erfaring frå legevakt.
- Gode norskkunnskaper både når det gjeld forståing og evne til å uttrykke seg munnleg og skriftleg, nivå B2.
- Søker må ha førerkort klasse B.
- Personlig egnethet og faglig engasjement vil bli vektlagt.
Skills
Salary
God fastlønn etter lokal avtale heimla i HTA kap 5
Experience
mid-level