Autosøk

Operatør - politibetjent 3/2/1

Møre og Romsdal Politidistrikt

Nedre Strandgate 50, 6005 Ålesund

Job Description

Operatør - politibetjent 3/2/1

Operasjonssentralen er leiing- og koordineringssentral for både planlagde aktivitetar og operativ verksemd i politidistriktet. Vi handterer politiet sine naudmeldingar (112) og andre meldingar frå publikum og samvirkeaktørar.

Dine hovudoppgåver som operatør vil vere å handtere operative meldingar og naudmeldingar frå heile politidistriktet, og å planlegge og koordinere den operative polititenesta under leiing av oppdragsleiar/operasjonsleiar. Som operatør skal du samhandle med innsatsleiar, operativt mannskap og felles straffesaksinntak (FSI) for å sikre framdrift og løyse hendingsstyrte og planlagde oppdrag.

Vi tilbyr også eingongsutbetaling for tilsette som ønskjer å forplikte seg til stillinga i minst to år (kr. 150 000) eller i minst tre år (kr. 200 000) etter nærare avtale.

Du vil inngå i ein tredelt turnus med for tida arbeid kvar tredje helg.

Arbeidsoppgåver

  • Handtere operative meldingar og naudmeldingar frå heile politidistriktet.
  • Handtere 02800 anrop og hovudnummer til politidistriktet.
  • Planlegge samt å koordinere den operative polititenesta under leiing av oppdragsleiar/operasjonsleiar.
  • Utføre oppgåver i samsvar med styrande dokument, planverk og plan for PO/COP.
  • Sørgje for god kommunikasjon og samarbeid med interne samt eksterne samarbeidsaktørar.
  • Bidra til å sette i verk straksetterforsking.

Requirements

  • Du må ha fullført og bestått Politi(høg)skule.
  • Du må ha god munnleg og skriftleg formidlingsevne på norsk og engelsk.
  • Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet.
  • Du må kunne sikkerhetsklarerast som Hemmeleg.

Skills

Operativt politiarbeidKrisehandteringKommunikasjonSamarbeidsevnerStresstoleranseKoordinering

Salary

535 000 - 665 000 NOK

Experience

mid-level

Similar Jobs