Prosjektleiar Infrastruktur
Vil du leie nokre av dei mest spanande bru- og infrastrukturprosjekta på Vestlandet?
Storhaugvegen 130, 5416 Stord
Sign in to auto-apply
Job Description
Vil du leie nokre av dei mest spanande bru- og infrastrukturprosjekta på Vestlandet?
Leirvik AS har dei siste åra levert fleire viktige infrastrukturprosjekt, mellom anna Hangarbrua til Statens vegvesen, og nylig Marinebroen for GC Rieber i Bergen. No arbeider vi med Grøttabrua for Møre og Romsdal fylkeskommune. Vi ser ein aukande aktivitet innan marknadsområdet Infrastruktur og søkjer no ein erfaren og engasjert prosjektleiar som vil vere med å forme framtidas prosjekt saman med oss.
Som prosjektleiar får du ei sentral rolle i planlegging, gjennomføring og oppfølging av komplekse prosjekt, frå kontraktsgjennomgang til overlevering. Du vil samarbeide tett med kundar, leverandørar og interne fagmiljø, og bidra til vidare vekst og utvikling innan infrastrukturområdet.
Arbeidsoppgåver
- Leiing og gjennomføring av infrastrukturprosjekt i samsvar med Leirvik sine prosjektstyringsprosessar
- Sikre god framdrift, kvalitet, økonomi og HMS i prosjekta
- Byggje og vidareutvikle gode kunderelasjonar
- Bidra i tilbodsarbeid og utvikling av nye prosjektmoglegheiter
- Samarbeide tett med produksjon, innkjøp, engineering og andre fagmiljø
- Delta i utviklinga av marknadsområdet Infrastruktur
Vi tilbyr
- Ei sentral rolle i samfunnsviktige prosjekt
- Eit trygt og godt arbeidsmiljø i «Leirvik-familien»
- Spanande faglege utfordringar og varierte arbeidsdagar
- Dyktige kollegaer med høg fagkompetanse
- Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- Konkurransedyktige vilkår og tilbod om kjøp av aksjar i selskapet
- Gode pensjons- og velferdsordningar
Requirements
- Du har bachelor- eller masterutdanning innan relevante fagområde.
- Du har erfaring som prosjektleiar, gjerne innan bygg, infrastruktur, bru, stål eller tilsvarande industri.
- Du har god forståing for kontraktar, økonomi og prosjektstyring.
- Du har gode kommunikasjonsevner på norsk og engelsk, både munnleg og skriftleg.
- Du er ein trygg og samlande lagspelar som er strukturert, ryddig og løysingsorientert.
Skills
Experience
senior