Autosøk

100% fast stilling som fagarbeidar

Arbeidsoppgåver

Industrivegen 96, 5210 Os

Job Description

Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette og vil være i sterk vekst i åra framover. Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt.

Eigedom Drift har ansvar for drift, vedlikehald og oppfølging av ein stor og variert bygningsmasse i Bjørnafjorden kommune. Dette omfattar mellom anna skular, barnehagar, rådhus, administrasjonsbygg, omsorgsbygg, utleigebustader og andre kommunale bygg.

Dette er ei nyoppretta stilling som skal vere ein viktig og fleksibel ressurs for Eigedom Drift. Medarbeidaren vil bidra på tvers av fagområde og bygg, og styrkje laget der behova til ei kvar tid er størst.

Arbeidsoppgåver

  • Drift, vedlikehald og mindre reparasjonar i kommunale bygg og utleigebustader.
  • Betena SD-anlegg i bygg.
  • Oppfølging av feil, manglar og driftsoppgåver meldt inn via kommunen sitt FDV system.
  • Dialog med brukarar, leigetakarar, skular, barnehagar og andre kommunale einingar.
  • Samarbeid med andre faggrupper i Eigedom Drift og eksterne leverandørar.
  • Bidra til god dokumentasjon, orden og systematisk oppfølging av utført arbeid.
  • Delta i tverrfaglege oppgåver og bidra der behovet er størst.

Stillinga er ambulerande, og arbeidsdagen vil i stor grad gå føre seg ute på ulike kommunale bygg og bustader.

Requirements

  • Du må ha fagbrev innan eitt eller fleire relevante fagområde som tømrar, røyrleggar, elektrikar, automatikar, murar eller byggdriftar.
  • Du må inneha førarkort klasse B.
  • Du må kunne arbeide sjølvstendig og ta ansvar for eigne oppgåver.
  • Du må vere praktisk anlagt, løysingsorientert og serviceinnstilt.
  • Du må ha gode samarbeidsevner og trivast med varierte arbeidsdagar.

Skills

Drift og vedlikehald av byggPraktisk problemløysingSD-anleggFDV-systemDokumentasjon og strukturTeknisk forståing

Experience

mid-level

Similar Jobs