Sign in to auto-apply
Job Description
Om stillinga
Osterøytunet er kommunen sin sjukeheim og ligg på Hauge. Sjukeheimen har 65 plassar fordelt på tre avdelingar, med tre grupper i kvar avdeling. Me søkjer helsefagarbeidar til ein 80 % fast stilling på avdeling for personar med demens.
Utvikling
Me har starta prosjektet "Tid for handling", der me ser på oppgåvefordeling ved sjukeheimen ut frå kompetanse. Som helsefagarbeidar har du ei viktig rolle i å skape trygge og gode rammer for bebuarane våre og dagleg drift av gruppa. Du får delta på legevisitt saman med sjukepleiar og me planlegg kompetanseheving for helsefagarbeidarar.
Arbeidsoppgåver
- Heilskapeleg omsorg og pleie
- Bistand og rettleiing ut frå pasienten sine behov
- Målretta miljøarbeid
- Primærkontaktoppgåver
Vi tilbyr
- Ei spanande og gjevande stilling
- Samarbeid med fagleg dyktige og engasjerte kollegaer
- Eit godt arbeidsmiljø med fokus på fagleg utvikling
- Moglegheit til å påverke eigen arbeidsplan
- Gode pensjons- og forsikringsvilkår
Requirements
- Du må ha autorisasjon som helsefagarbeidar eller hjelpepleiar.
- Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentera kunnskap i norsk skriftleg og muntleg gjennom bestått B2-test.
- Du må ha grunnleggande IT-kunnskapar for bruk av digitale plattformer og journalsystem.
- Det er krav om politiattest som ikkje er eldre enn 3 månader ved tilbod om stilling.
- Du må evne å opprette god relasjon til pasientar, pårørande og kollegaer.
Skills
Helsefagleg pleie og omsorgDemensomsorgMiljøarbeidJournalsystemVelferdsteknologiSamarbeidsevner
Experience
mid-level