Autosøk

Ledig 100% stilling på natt som sjukepleiar

Aukra kommune Aukra omsorgssenter

Aukraringen 14, 6480 Aukra

Job Description

Ledig 100% stilling på natt som sjukepleiar

Vi i Aukra søkjer deg som er sjukepleiar, som trivs med nattarbeid og som ønskjer å utgjere ein forskjell i nokon sitt liv, som fast nattevakt i 100% stilling. Stillinga kan kombinerast med nattarbeid på helg og dagstilling, eller rein nattstilling.

Om oss

Aukra Omsorgssenter ligg på Gossen, 12 minutt med gratis ferje frå Hollingsholmen. Vi flytta inn i Aukra Omsorgssenter i 2018. Omsorgssenteret består av:

  • Sjukeheim med tre ulike avdelingar; langtidsavdeling, korttidsavdeling og skjerma avdeling.
  • 20 heildøgns omsorgsboligar som blir betent av heimetenesta
  • Base for heimebaserte tenester
  • Legevaktsatellitt
  • Dagsenter

Arbeidsoppgåver

  • Sjukepleiefagleg oppfølging og observasjon av pasientar/bebuarar gjennom natta.
  • Handtering og vurdering av akutte situasjonar.
  • Administrering av medikament og dokumentasjon etter gjeldande rutiner.
  • Samarbeid med lege, legevakt og anna helsepersonell ved behov.
  • Mottak og handtering av pasientar på legevaktsatellitt.
  • Ivaretaking av pasientane sine grunnleggjande behov og tryggleik.

Vi tilbyr

  • Eit framforhandla tillegg på 22 500 kr/år for sjukepleiarar som går natt.
  • Aukra kommune sitt eige stabilitetstillegg på 100 000 kr som blir utbetalt kvart fjerde år.
  • 8 års ansiennitet frå fyrste arbeidsdag.
  • Tilrettelegging for vidareutdanning.
  • Eit veldig kjekt og innhaldsrikt arbeidsmiljø.

Requirements

  • Du må ha godkjend bachelor i sjukepleie.
  • Du må ha gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.
  • Du må kunne spreie arbeidsglede og vere raus med kollegaene dine.
  • Du må vere engasjert og fagleg dyktig.
  • Det er krav om politiattest for tilsette som skal yte tenester etter helse- og omsorgstjenesteloven.

Skills

SjukepleieMedikamenthandteringAkuttmedisinsk vurderingDokumentasjonTverrfagleg samarbeidPasientoppfølging

Salary

Løn etter tariff, inkludert tillegg for nattarbeid og stabilitetstillegg.

Experience

junior

Similar Jobs