Fagansvarlig ingeniør Generell kjemi
Vil du vere med og utvikle fagområdet generell kjemi?
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Sign in to auto-apply
Job Description
Fagansvarlig ingeniør Generell kjemi
Vil du vere med og utvikle fagområdet generell kjemi? På grunn av vekst i fagområdet søkjer vi no ein fagansvarleg ingeniør til eit spanande og framtidsretta fagmiljø.
Om stillinga
Du vil arbeide tett saman med to andre fagansvarlege ingeniørar og to fagingeniørar, og vere ein del av det større teamet innan medisinsk biokjemi. Fagområdet omfattar mellom anna klinisk kjemi, immunkjemi, allergi, spesialprotein og elektroforese. Området er i stadig utvikling, og nye analysar blir jamleg implementerte.
Medisinsk biokjemi held til i nye og moderne lokale med fullautomatisert analysehall, og er ein del av Avdeling for laboratoriemedisin. Avdelinga er akkreditert av Norsk akkreditering og har sterkt fokus på kvalitet og fagutvikling.
Arbeidsoppgåver
- Bidra til å styrkje, vidareutvikle og optimalisere rutinar og prosedyrar innan fagområdet.
- Ha spesialkompetanse og hovudansvar for sitt fagområde.
- Deltake i prosessar knytte til anskaffing, validering og verifisering av utstyr.
- Utføre ordinære driftsoppgåver ved Medisinsk biokjemi.
- Samarbeide tett med andre fagansvarlege, avdelingsoverlege og funksjonsleiar.
Requirements
- Norsk autorisasjon som bioingeniør er eit krav.
- Minimum 2 års erfaring innan medisinsk biokjemi.
- Erfaring frå fagansvar og det aktuelle fagområdet vil bli vektlagd.
- Du må kunne arbeide sjølvstendig og finne gode løysingar på utfordringar.
- Du må ha gode samarbeidsevner og ha pasienten i fokus.
Skills
Experience
mid-level