Sign in to auto-apply
Job Description
Vi søkjer ein motivert og strukturert account manager SMB som skal jobbe med dei små og mellomstore kundane våre. Du vil ha ansvar for å vidareutvikle kundebasen og sikre at kundane våre får god oppfølging og dei beste løysingane.
Hos Tussa IKT blir du ein del av eit av dei største og mest komplette IT-miljøa på Nordvestlandet. Du får arbeide saman med erfarne spesialistar innan IT-drift, informasjonssikkerheit, skytenester og digitale arbeidsflater. Dette gir deg eit unikt høve til å utvikle deg som rådgjevar og hjelpe kundane med løysingar som skaper reell verdi.
Kontorstad kan vere Ørsta, Ålesund eller Sykkylven.
Arbeidsoppgåver vil mellom anna vere:
- Oppfølging og utvikling av SMB-kundar
- Identifisere nye behov og moglegheiter hos kundane
- Rettleie kundane til gode løysingar
- Bidra til vekst og auka kundeverdi
- Samarbeide tett med seljarane
Vi kan tilby:
- Ein spennande kvardag i eit aktivt salsteam
- Gode utviklingsmoglegheiter
- Konkurransedyktige vilkår
Requirements
- Du har solid erfaring innan sal eller kundebehandling.
- Du har gode kommunikasjonsevner.
- Du har stor interesse for relasjonsbygging og rådgjeving.
- Det er ein fordel med relevant utdanning innan sal, marknadsføring, økonomi eller IT.
- Det er ein fordel med erfaring frå IT-bransjen, telekom eller andre teknologirelaterte fagområde.
- Det er ein fordel med erfaring med CRM-system og strukturert salsarbeid.
Skills
SalgKundebehandlingRelasjonsbyggingRådgjevingCRM-systemStrukturert salsarbeid
Experience
mid-level