Autosøk

Har du gode mellommenneskelege ferdigheiter og likar å omgåast mange ulike typar menneske? Vi søkjer etter

Askvoll kommune Heimetenester

Askvoll omsorgssenter, 6980 Askvoll

Job Description

Sjukepleiar i heimetenesta - 100% fast stilling

Er du sjukepleiar og vil vere med å påverke og utvikle det faglege innhaldet på arbeidsplassen? Då er Askvoll kommune staden for deg.

I vår kommune er vi opptatt av at tenestene skal vere fagleg gode og medverke til god livskvalitet. Helse og omsorgstenestene i kommunane står overfor spanande utfordringar på grunn av endra alderssamansetning i befolkninga. Pasientar og brukarar har ofte samansette lidingar, derfor treng vi fagpersonar med god kompetanse og som ser behova i heilskap.

Som sjukepleiar vil ein ha eit tett samarbeid med andre yrkesgrupper innanfor helsesektoren lokalt, og med spesialisthelsetenesta for å sikre ein heilskapleg tilnærming og oppfølging.

Arbeidsoppgåver:

  • Utøve direkte sjukepleie til pasientar og brukarar.
  • Medverke til at sjukepleiefaglege oppgåver blir utført i samsvar med gjeldande krav til kvalitet.
  • Tilrettelegge for å nytte velferdsteknologiske løysingar.
  • Dokumentere og rapportere i samsvar med gjeldande retningsliner og prosedyrar.
  • Ha sjukepleiefagleg ansvar i gruppa og delta i sjukepleiefagleg bakvaktsordning ved behov.
  • Medikamenthandtering.
  • Delta i tverrfagleg og tverretatleg samarbeid.
  • Rettleie pasientar, pårørande, tilsette, studentar og elevar.

Vi tilbyr:

  • Mogelegheit for langvakter etter nærare avtale.
  • Varierte og spennande arbeidsoppgåver i eit aktivt og positivt arbeidsmiljø.
  • Mogelegheit for sletting av studielån på inntil 25 000 kroner årleg gjennom statleg ordning.
  • Gode pensjonsordningar gjennom KLP.
  • Flyttegodtgjersle ved nytilsetjing ifølgje personalhandbok for Askvoll kommune.

Requirements

  • Du må ha autorisasjon som sjukepleiar.
  • Du må ha gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
  • Du må ha førarkort for bil.
  • Du må kunne arbeide tverrfagleg og ha gode samarbeidsevner.
  • Du må kunne handtere travle periodar og ha ein løysingsorientert innstilling.

Skills

SjukepleieMedikamenthandteringDokumentasjon (CosDoc)Tverrfagleg samarbeidRettleiingVelferdsteknologi

Experience

junior

Similar Jobs