Sign in to auto-apply
Job Description
Lege i spesialisering
Seksjon døgn ved Nordfjord psykiatrisenter har ledig 100 % vikariat for lege i spesialisering (LIS 2/3) frå 01.12.2026 til 31.08.2027.
Vil du arbeide tett med pasientar som opplever psykiske vanskar, og bidra til eit viktig behandlingstilbod i spesialisthelsetenesta? Hos oss får du ein variert arbeidskvardag og gode moglegheiter for fagleg utvikling i eit tverrfagleg miljø.
Arbeidsoppgåver
- Vurdere, greie ut og diagnostisere pasientar med psykiske vanskar og/eller rusproblem
- Vere kontaktlege for pasientar i døgnbehandling
- Planlegge og gjennomføre behandling i samarbeid med pasient og tverrfagleg team
- Samarbeide med pårørande og aktuelle samarbeidspartar
- Delta i Nordfjord psykiatrisenter si vaktordning
- Deltaking i tilsynsordning ved Nordfjord sjukehus
Vi tilbyr
- Løn etter gjeldande avtale, med rekruttteringstillegg
- Tilrettelegging for gjennomføring av spesialisering (LIS-løp)
- Fagleg utvikling gjennom rettleiing, kurs og internundervisning
- Eit tverrfagleg miljø med engasjerte, dyktige og erfarne kollegaer
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Hjelp til å skaffe bustad
Requirements
- Du må ha norsk autorisasjon som lege og fullført LIS1.
- Du må ha klinisk erfaring og/eller interesse for arbeid med psykiske lidingar og rusproblem.
- Du må inneha førarkort klasse B.
- Du må ha gode norskkunnskaper både munnleg og skriftleg.
- Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå.
Skills
Diagnostisering av psykiske lidingarBehandlingsplanleggingTverrfagleg samarbeidKlinisk vurderingsevneKommunikasjon med pasientar og pårørandeVaktarbeid
Experience
mid-level