Autosøk

Bioingeniør

FINN-kode

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

Job Description

Bioingeniør

Ønskjer du å arbeide i ei stor avdeling med høg fagleg kompetanse og mange spennande oppgaver? Avdeling for patologi ved Haukeland universitetssjukehus har no fire ledige faste bioingeniørstillingar.

Avdeling for patologi er ei stor og velutstyrt avdeling med nærmare 150 tilsette og eit breitt diagnostisk tilbod innan biopsi, cytologi, obduksjon og rettsmedisin, elektronmikroskopi, nyre- og nevropatologi. Vi tek årleg imot om lag 110 000 prøvar og utfører rundt 300 obduksjonar. Avdelinga har omfattande forskingsaktivitet i samarbeid med Universitetet i Bergen og andre fagmiljø i sjukehuset, mellom anna Biobank Haukeland, og utfører molekylærpatologisk diagnostikk i samarbeid med Kreftgenomikk.

Patologifaget er i rask utvikling, med aukande bruk av ny teknologi, digitalisering og molekylære analysar. Vi ønskjer derfor engasjerte og nysgjerrige bioingeniørar som vil vere med på denne utviklinga. Hos oss blir du ein del av eit sterkt tverrfagleg fagmiljø med stort fokus på kvalitet, pasientsikkerheit og fagleg utvikling, og får gode moglegheiter til å utvikle deg vidare både fagleg og personleg i eit inkluderande og triveleg arbeidsmiljø.

Arbeidsoppgåver

  • Det er aktuelt å jobbe på fleire seksjonar og oppgaver som utføras på desse er blant anna registrering av vevsprøvar, makrobeskjering av prøvar, assistere legar i makrobeskjering, framføring og støyping av vev, snitting av vevsblokkar og handtering av ulike formar for maskinar.
  • Arbeidsoppgåvene vil vere varierte og vil kunne endre seg over tid.
  • Bioingeniørane ved avdelinga har blodprøvetaking som ei av arbeidsoppgåvene.
  • Tilsettinga skjer på avdelingsnivå.

Vi tilbyr

  • Ein inkluderande arbeidsplass.
  • Spennande arbeidsoppgåver i eit triveleg arbeidsmiljø.
  • Høgt fagleg nivå.
  • Fagleg og personleg utvikling.
  • I hovudsak dagtidsarbeid, med ein kveldsvakt i veken.
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst.

Requirements

  • Du må meistre norsk skriftleg og munnleg.
  • Kandidatar med norsk autorisasjon som bioingeniør vil bli føretrekte.
  • Du må vere positiv, fleksibel og løysingsorientert.
  • Du må kunne jobbe godt både sjølvstendig og i team.
  • Du må vere punktleg, påliteleg og arbeidsam.

Skills

BioingeniørfagBlodprøvetakingVevsbehandling (makrobeskjering/snitting)Molekylærpatologisk diagnostikkLaboratoriearbeidTverrfagleg samarbeid

Experience

mid-level

Similar Jobs