Sign in to auto-apply
Job Description
Kundeservice IT-medarbeider
Har du lyst å løyse datautfordringar og få ein sterk start i Vestlandets største IKT‑selskap? Hos Kundesenteret jobbar du med 1. linje teknisk brukarstøtte for alle PC‑brukarar i Helse Vest. Vi handterer førespurnader via telefon, web, e-post og løyser to av tre saker ved første kontakt. Du blir del av ein kompetent servicedesk som jobbar etter ITIL sin Incident Management‑prosess, i eit miljø prega av samarbeid og læring.
Arbeidsoppgåver
- 1.linje support, betening av førespurnader per telefon, web og e-post
- Feilsøking på utstyr og programvare via fjernstyring
- Dokumentere/logge alle førespurnader i vårt saksbehandlingssystem (Assyst)
Vi tilbyr
- Eit høgt fokus på personleg og fagleg utvikling
- Fellesskap med motiverte, inkluderande og kunnskapsrike kollegaer
- Eit godt sosialt miljø, med blant anna eigen kaffiklubb og Brettspillklubb
- Gode arbeidsverktøy
- Løn etter avtale
- Medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsvilkår
Requirements
- Du må ha fullført IKT-utdanning.
- Du må ha erfaring frå brukarstøtte eller kundekontakt per telefon.
- Du må meistre flytande norsk både munnleg og skriftleg.
- Du må kunne dokumentere utdanning med vitnemål.
Skills
IT-supportFeilsøkingITILKundeserviceFjernstyring av PCSaksbehandlingKommunikasjon
Salary
Løn etter avtale
Experience
junior