Sign in to auto-apply
Job Description
Vil du vere med å gjere ein forskjell?
Nav hjelpemiddelsentral Vestland, Førde har ledig ei mellombels 100% stilling som rådgjevar på fagområdet kommunikasjon, kognisjon og varsling. Vi ser etter deg som brenn for gode tenesteopplevelsar og Nav sitt samfunnsoppdrag.
Nav hjelpemiddelsentral Vestland, Førde har 32 tilsette fordelt på to avdelingar. Vi er eit ressurs- og kompetansesenter med brei kunnskap om ulike funksjonsnedsettingar og korleis tilrettelegging, hjelpemidlar og teknologi kan fremje funksjon, aktivitet og samfunnsdeltaking for alle.
Arbeidsoppgaver
- Rettleie brukar, pårørande og samarbeidspartar om kommunikasjon-, varsling- og kognisjonshjelpemiddel.
- Gje råd om lese- og skriveprogram og alternativ bruk av pc.
- Halde kurs for brukarar og samarbeidsparter, både på hjelpemiddelsentralen og ute i kommunane.
- Informere om våre tenester til Nav-rettleiarar og andre samarbeidsparter på fagområdet arbeid og utdanning.
- Behandle saker, gjere bestillingar og bidra i nasjonalt arbeid.
- Ambulant verksemd: halde ved like, sette opp og programmere digitale hjelpemiddel.
Requirements
- Du må ha bachelor eller tilsvarande innan helsefag eller pedagogikk.
- Du må inneha førerkort klasse B.
- Du må vere lærevillig, positiv og motivert for oppgåvene.
- Du må vere påliteleg og løysingsorientert i møte med brukarar og samarbeidspartar.
- Du må vere kreativ i tilnærminga til tilrettelegging og problemløysing.
Skills
RådgjevingHelsefaglig veiledningPedagogisk formidlingDigital kompetanseKursgjennomføringSaksbehandlingTverrfaglig samarbeid
Salary
639 000 - 680 000 NOK
Experience
mid-level, junior