Autosøk

Pleieassistent

Medisinsk klinikk/ Medisinsk overvakingseining (MOE) - Medisin post 6, Helse- Bergen HF

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

Job Description

Pleieassistent

Seksjon for infeksjonssjukdommar, Medisinsk overvakingseining /MOE - Medisin post 6 har ledig 2 faste stillingar i 15% på helg frå hausten.

Dei fleste som kjem til MOE har alvorlege infeksjonar/indremedisinske problemstillingar. Vanlege diagnosar er sepsis, endokarditt, djupe sårinfeksjonar, tuberkulose, tropeinfeksjonar, CNS infeksjonar m.m. Posten har 10 senger. Desse er fordelt mellom 4 einerom og ei tosengstue som og kan nyttast som luftsmitteisolat, og ei overvakingstue med plass til 4 pasientar.

Overvakingseininga (MOE) utgjer nivået mellom intensivmedisin og vanleg medisin. Her behandlast alvorleg sepsis og andre livstruande infeksjonar, ketoacidose, GI blødningar og elektrolyssforstyrringar og generell indremedisin som krev overvaking.

Arbeidsoppgåver

  • Stell, pleie og omsorg for pasientar
  • Observasjon av vitale parametre ved overvaking og ved fastvakt
  • Skylleromsarbeid, og holde orden i avdelinga
  • Tverrfagleg samarbeid med dei andre yrkesgruppene i avdelinga

Requirements

  • Du må ha erfaring frå sjukehus og interesse for infeksjonssjukdommar og akutt sjuke pasientar.
  • Helsefagarbeidarar eller hjelpepleiarar må ha norsk autorisasjon.
  • Du må ha gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg.
  • Du må ha evne til å arbeide sjølvstendig og vere fleksibel.
  • Du må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner samt vere ansvarsbevisst.

Skills

Pasientstell og omsorgObservasjon av vitale parametreTverrfagleg samarbeidInfeksjonsmedisin forståingAkuttmedisinsk forståingSkylleromsarbeid

Experience

entry-level

Similar Jobs