Tannpleiar ved Stryn tannklinikk
Nordfjord klinikkområde, Vestland fylkeskommune
Rognehaugen 11, 6783 Stryn
Sign in to auto-apply
Job Description
Tannpleiar ved Stryn tannklinikk
Stryn tannklinikk ligg i sentrum av Stryn, omgitt av høge fjell og djupe fjordar. Stryn er kjent for moglegheiter for aktivt friluftsliv både sommar og vinter. Stryn tannklinikk har 3 tannlegar, 2 tannpleiarar, 4 sekretærar og oralkirurg frå TK Vestland.
Arbeidsoppgåver
- Jobbe i fyrstelinjetenesta og ha ansvar for utadretta verksemd i samråd med klinikkleiar og kollegaer.
- Utføre klinisk arbeid som omfattar alle pasientgrupper, inklusiv vaksne betalande pasientar.
- Halde deg fagleg oppdatert og følgje gjeldande lover og retningslinjer for evidensbasert behandling.
- Jobbe for å nå målsetnadane til Vestland tannhelseteneste.
- Deltake i HMS-arbeid og kvalitetsutvikling samt andre felles oppgåver for drifta av klinikken.
Vi tilbyr
Ei meiningsfull, samfunnsnyttig og variert arbeidskvardag med pasientar i alle aldrar i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse. Løn etter gjeldande tariff og gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar.
Requirements
- Du har norsk autorisasjon som tannpleiar.
- Du må kunne bruke norsk som arbeidsspråk, både skriftleg og munnleg.
- Du må ha godkjend politiattest.
- Du må vere ein lagspelar som bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
- Du må arbeide systematisk og planmessig.
Skills
Klinisk tannpleiePasientbehandlingFørebyggjande tannhelsearbeidHMS-arbeidKvalitetsutviklingKommunikasjon
Experience
mid-level