Autosøk

Ulvik søkjer sjukepleiarar!

Ulvik Herad Helse- og velferd

Skeiesvegen 3, 5730 Ulvik

Job Description

Ulvik søkjer sjukepleiarar!

På Ulvik Omsorgstun arbeidar me kvar dag for å gi innbyggjarane våre trygge og gode helse- og omsorgstenester. No søkjer me ein sjukepleiar som vil vere med i eit lite fagmiljø med godt samarbeid og høg fagleg kvalitet.

Om stillinga

Som sjukepleiar på Ulvik Omsorgstun har du varierte oppgåver på sjukeheim og i heimetjenesta. Du har for tida arbeid kvar fjerde helg med arbeidstid på dag og kveld og beredskapsvakter på natt.

Oppgåver

  • Fagleg ansvar for vurderingar, tiltak og planlegging.
  • Kliniske vurderingar, tiltaksplanar og legemiddelhandtering.
  • Ansvarsvakt og leiing av team.
  • Beredskapsvakt på natt.
  • Pleie, omsorg og oppfølging av pasientar i sjukeheim og heimesjukepleie.
  • Observasjon, dokumentasjon og samarbeid i tverrfagleg team.
  • Bidra til fagutvikling og eit godt arbeidsmiljø.
  • Samhandling med pasientar og pårørande.
  • Rettleiing av kollegaer og studentar.

Me tilbyr

  • Rekrutteringstillegg kr 12 000.
  • Årsturnus med moglegheit for påverknad.
  • Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver.
  • Arbeidsplass i moderne lokale og tilgang til gode tjenestebilar.
  • Flyttegodtgjersle ved flytting til Ulvik herad (med 100% dekking av flytteutgifter).
  • Moglegheit for sletting av studielån.

Requirements

  • Du må ha autorisasjon som sjukepleiar.
  • Du må ha gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg (minimum nivå B2).
  • Du må kunne leggje fram politiattest etter helse- og omsorgstenestelova §5-4.
  • Det er ønskjeleg med førarkort klasse B.
  • Erfaring frå kommunal helse- og omsorgsteneste vert vektlagt.

Skills

SjukepleieKliniske vurderingarLegemiddelhandteringDokumentasjonTverrfagleg samarbeidRettleiing

Salary

Rekrutteringstillegg kr 12 000

Experience

mid-level

Similar Jobs