Sign in to auto-apply
Job Description
Sjukepleiar i heimesjukepleia - vikariat
Skjåk kommune har ledig 80-100% vikarstilling som sjukepleiar. Vikariatet er ledig frå dags dato til 31.12.27. Arbeidsplass for tida er heimesjukepleia. Stillinga kan bli forlenga.
Det er fleksibelt helgemønster på stillinga med anten 3. kvar helg eller 4.kvar helg med langvakter. Vi kan legge til rette for ei turnusordning som passar din livssituasjon og kvardag, med moglegheit for komprimert arbeidstid og lengre friperiodar - ei turnusordning som gjev rom for både jobb og fritid.
Heimesjukepleia gjev tenester til brukarar som bur i eigen heim. Arbeidet i heimetenesta krev tverrfagleg samarbeid til beste for brukarane, både innan kommunen og ut mot spesialisthelsetenesta. Det er krav om at utførte tenester vert dokumenterte i Profil. Det er nær samhandling mellom heimetenesta og sjukeheimen.
Requirements
- Du må ha godkjent sjukepleiarutdanning.
- Du må inneha førarkort klasse B.
- Du må kunne leggje fram godkjent politiattest.
- Du må ha gode norskkunnskapar, då kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk.
- Du må ha evne til å arbeide sjølvstendig og prioritere i ein travel kvardag.
Skills
Experience
mid-level