Autosøk

Ledige stillingar som sjukepleiar

Oppgåver

Skeiesvegen 3, 5730 Ulvik

Job Description

Ledige stillingar som sjukepleiar

På Ulvik Omsorgstun arbeidar me kvar dag for å gi innbyggjarane våre trygge og gode helse- og omsorgstenester. No søkjer me ein sjukepleiar som vil vere med i eit lite fagmiljø med godt samarbeid og høg fagleg kvalitet.

Om stillinga

Som sjukepleiar på Ulvik Omsorgstun har du varierte oppgåver på sjukeheim og i heimetjenesta. Du har for tida arbeid kvar fjerde helg med arbeidstid på dag og kveld og beredskapsvakter på natt.

Oppgåver

  • Fagleg ansvar for vurderingar, tiltak og planlegging
  • Kliniske vurderingar, tiltaksplanar og legemiddelhandtering
  • Ansvarsvakt og leiing av team
  • Beredskapsvakt på natt
  • Pleie, omsorg og oppfølging av pasientar i sjukeheim og heimesjukepleie
  • Observasjon, dokumentasjon og samarbeid i tverrfagleg team
  • Bidra til fagutvikling og eit godt arbeidsmiljø
  • Samhandling med pasientar og pårørande
  • Rettleiing av kollegaer og studentar

Me tilbyr

  • Rekrutteringstillegg kr 12 000
  • Årsturnus med moglegheit for påverknad
  • Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver
  • Arbeidsplass i moderne lokale og tilgang til gode tjenestebilar
  • Flyttegodtgjersle ved flytting til Ulvik herad
  • Hjelp til bustad og barnehageplass
  • Moglegheit for sletting av studielån

Requirements

  • Du må ha autorisasjon som sjukepleiar.
  • Du må ha gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg (minimum nivå B2).
  • Du må kunne leggje fram politiattest etter helse- og omsorgstenestelova §5-4.
  • Det er ynskjeleg med førarkort klasse B.
  • Erfaring frå kommunal helse- og omsorgsteneste vert vektlagt.

Skills

SjukepleieLegemiddelhandteringKliniske vurderingarDokumentasjonTverrfagleg samarbeidRettleiing

Salary

Rekrutteringstillegg kr 12 000

Experience

mid-level

Similar Jobs