Autosøk

Vi treng fleire dyktige portørar, vil du bli med på laget?

Drift- /teknisk divisjon/ Hospitaldrift Transport/ Pasientportørtenesta, Helse Bergen HF

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

Job Description

Vi treng fleire dyktige portørar, vil du bli med på laget?

Hospitaldrift er ei av avdelingane i Drift/teknisk Divisjon i Helse Bergen, og leverer ikkje-medisinske tenester og -produkt til føretaket. Pasientportørtenesta er ein intern serviceseksjon med døgnkontinuerleg drift. Vår hovudaktivitet er pasienttransport, både på sjukehuset og til andre einingar i Helse Bergen.

Arbeidsoppgåver

  • Transport av pasient i seng/bil/ rullestol
  • Transport av reine og skitne senger
  • Transport av blodprodukt, prøver og varer
  • Henting og transport av pasientar som kjem med helikopter

Arbeidet inneber mykje fysisk aktivitet og kan vere både fysisk og psykisk krevjande. Stillinga medfører pt. 3-skiftsarbeid i turnus pt på dag, kveld, natt og 3.kvar helg.

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Gjevande og variert arbeidsdag
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)
  • Bedriftsidrettslag

Requirements

  • Du må ha førarkort klasse B.
  • Du må ha særs god norsk munnleg framstilling.
  • Du må ha grunnleggande datakunnskapar.
  • Du må kunne arbeide i 3 skift.
  • Du må vere ansvarsbevisst, serviceinnstilt og ha gode kommunikasjonsevner.

Skills

PasienttransportLogistikkforståingFørarkort klasse BServiceinnstillingKommunikasjonsevnerFysisk uthald

Experience

entry-level

Similar Jobs